Bergen Ateliergruppe inviterte 3. og 4. desember 2009 billedkunstnerne i Bergen til workshop for å diskutere mulighetene for en fremtidig samtidskunstbiennale i Bergen, biennalen som konsept, mulige fremtidige scenarier i kunstnerbyen Bergen, og vår rolle som kunstnere i dette. Målet med workshopen var å fortsette diskusjonen om Bergen skal ha en kunstbiennale eller ikke, om hva rollen til de Bergensbaserte kunstnerne skal være i et slikt prosjekt, samt å gi diskusjonen et konkret utfall. Denne bloggen er det direkte utfallet av workshopen, og et sted hvor debatten tas videre.

tirsdag 26. januar 2010

Innlegg fra Arne Ingvaldsen

TENKING OM BIENNALEN

Det er spennande at det i løpet av to korte dagar ved Bergen Ateliergruppe kom fram så nyanserte og ulikt orienterte innlegg om ein mulig biennale i Bergen. Dei tre scenaria: Tradisjonell biennale, vekselbruksmodell og Hordalandsmodell er kvar for seg interessante. Kanskje ein framtidig, realisert biennalemodell inneheld litt frå alle desse tanketrådane. Ein gjennomgåande tone i tekstane er: omsynet til det lokale kunstlivet, det lokale publikumet, og for dei lokale kunstnarane. Både økonomisk og organisatorisk. Eg anar også ein viss skepsis mot tungt kuratorstyre. Det er eit spørsmål kor langt dette er mulig eller ønskeleg.

Hordalandsmodellen
er den som går lengst i å vere lokalvennleg og desentralisert. Den kan vise seg gunstig for politisk bruk, og dermed også økonomisk. Bergen har tradisjonelt hatt eit fjernt forhold til landkommunane, men er i dag tvinga til å endre på dette. Dei andre storbyane har ikkje nære på hatt slike problem. Politikarar frå begge sider vil kunna sjå nyttepotensialet i modellen. Kulturelt kan den også bety ei tiltrengt modernisering av lokale kulturmiljø som opp til i dag sit fast i ein seig tradisjonalisme. Mange separatutstillingar i staden for ei stor, sentral mønstring kan også vere godt for mangfaldet. Eg synes det ville vere frigjerande med ei open mark for frie kunstnaragendaer, heller enn den kunstige (!) samanpressinga av mange kunstnarskap under eit felles tema - tema, som for å bli nokolunde dekkande, ofte blir veldig allmenne og lite meiningsfylte (Venezia 2009: "Fare Mondi").

Eg synes også ideen om samtidige utstillingsåpningar som "rhyzomatisk fenomen" er ein sympatisk deltanke som er i samsvar med den måten informasjon blir formidla på i dag. Elektronisk kommunikasjon vil over tid bety meir for både form og organisasjon og formidling enn berre utstillingsåpningane. Visse ulemper er innlysande. Å vere bildekunstnar i dag er for mange eit spørsmål om spesialisert profesjonalisme. Det er uvisst kor mange som vil vere interesserte i å utføre arbeid i eit perifert lokalsamfunn, med magre utsikter til publisitet og kvalifisert omtale. Det blir verre for biennaleorganisasjonen å halde oppe eit jamnt kvalitetsnivå. Når mange ulikearta arbeid blir spreidd over eit stort område kan det føre til eit heller uklart bilde av biennalen, endå om den blir marknadsført som "eksotisk". Dei mange enkelthendingane må på eit vis førast fram til eit større, offentleg rom for å bli oppfattelege som eit samla evenement.

Eg trur ikkje at eit så kjølig og tidkrevande medium som internett er tilstrekkeleg. Nettet, for alt det elles er verdt, kan ikkje erstatte alle sider ved ei fungerande kunstscene. Ein modell med deltaking av omtrent alle omlandskommunar synes eg ligg langt utanom sjølve biennaleideen. Det vil minne meir om allmenn kulturpolitikk. Ein modifikasjon av modellen er tenkeleg: Bergen inviterer berre ein Hordalandskommune til samarbeid for kvar biennale. Ein slik "dialog" ville vere tydelegare for publikum, og lettare for media å formidle. Kanskje også meir attraktiv for profesjonelle kunstnarar.

Vekselbruksmodellen
synes eg umiddelbart er interessant med tanke på Bergens eigenart som kunstmiljø. Vi har få etablerte visnings- og omsettingsmuligheiter, og utsiktene til at dette skal forandre seg er ikkje lett synlege. Derimot finst det eit aktivt miljø av folk som er under utdanning og som gjerne eksperimenterer. Det er kortare avstandar over faggrensene her enn i mange større byar. Bergen har opplagt muligheit til å bli ein enno viktigare stad for "utklekking" og tidleg idéutveksling. Vekselbruksmodellen tonar ned sjølve biennaleutstillinga til fordel for eit meir kontinuerleg arbeid i litt mindre, utprøvande skala. Kontinuiteten, og det daglege arbeidet frå år til år blir viktigare. Dei mange personlege kontaktane som ville bli knytte i tverrfaglege grupper ville dynamisere det lokale kunstlivet, og på sikt føre fleire Bergenskunstnarar til arrangement i utlandet. Mindre spektakulært, men kanskje meir i stil med byens eigenart og ressursar. Men ein slik modell stiller uvante krav til administrasjon: den føreset langsiktig kulturpolitisk tenking, og under skiftande politiske regime.

Kvart einaste år må det tilførast og skapast midlar for å ei mengd ulike tiltak som ikkje alle kan identifiserast og marknadsførast som "Biennalen". Det er gjerne enklare å få gjennomslag for festlege skippertak enn for generelt høgare kulturbudsjett. Derfor krevst det innsikt hos dei folkevalte, og kunst-eldsjeler som kan brenne - lenge, og kvart år. Finst dei?

Den "tradisjonelle" biennalemodellen
er den vi kjenner best. Her er ikkje så mykje å tilføre. Det er modellen med størst spektakulært potensiale, som kan trekke til seg stjernenamn, få bra med publisitet og påfølgjande debattar, og i heldig fall ha høgt kunstnarleg nivå. Den blir fort sitt eige argument og er antakeleg den modellen som hurtigast kan "sette Bergen på kartet". PR-verdien vil bety mykje for finansieringsviljen frå det offentlege og frå næringslivet. Men modellen er sterkt utsett for kuratorisk tematisering. Og lite skal til for at lokale kunstnarar blir skvisa ut av organisasjonen. Biennalen vil vere sterkt bysentrert. (Mindre desentraliserande trekk kan nok tenkast: På Documenta nytta dei ungdomsskuleelevar som publikumsassistentar. Kva utbytte gjestene hadde er uvisst, men at den oppvoksande slekt i Kassel på denne måten får eit kulturelt forsprang er eg sikker på.)

I staden for konklusjon

Vi har behov for eit kontinuerleg, nært dag-til-dag arbeid innafor kunstfeltet. Noko som fungerer på eit personleg møteplan og gjer vår forståing for kva kunst og kultur kan vere djupare og personleg fundert. Dei to første tanketrådane svarer best til dette. Men vi har også behov for å oppleve dei store og viktige arbeida, dei som ikkje er å sjå på vanlege utstillingsrundar. Her har den siste tråden sin styrke. Biennaleorgansisajonen, korleis den enn blir, vil måtta manøvrere mellom begge omsyn. Festspela har litt erfaring med nettopp det.

Arne Ingvaldsen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar